Lavinesamling på Garen 2018

Ragnhild og Maja er klare for søk.

Dio Hordaland inviterer til lavine-samling på Garen 12. - 14. januar 2018.

Generell informasjon:

Me overnattar i hyttene på Garen camping. Dei fleste hyttene har dusj og toalett. Førstemann til mølla får desse hyttene, så fyller me opp dei utan dusj og toalett til slutt. Me får bruka grillhytta som tidlegare. Her blir det bålkos fredag kveld. Laurdag kveld blir det felles middag. Mat anna enn middag laurdag kveld tek deltakarane med sjølve.

Hundane skal vera i bur inne på hyttene.

Påmelding og betaling:

Påmelding til Karen Sofie på so-skoth@online.no

Pris som inkluderer overnatting på hytter frå fredag til søndag pluss middag laurdag kveld:

  • Medlemmer i Hordaland distrikt: 840,-
  • Hundeførarar i Hordaland distrikt: 600,-
  • Andre: 1200,-

Medlemmer av Dio Hordaland blir prioriterte ved påmelding innan 16. desember. Endeleg påmeldingsfrist er 20. desember.

 

Vel møtt til ei kjekk lavinesamling på Hardangervidda!

Aktivitetskalender

«

desember 2017

»
Uke M T O T F L S
48         123
49 45678910
50 11121314151617
51 18192021222324
52 25262728293031

Bli medlem

Nyheter fra NRH sentralt